Ikke Kardemomme by

Eg har hatt mange hyggelige stunder i Kardemommeby. Saman med barna, vel og merke. Det er likevel ikkje ein stad eg ville ynskja å bu, sjølv om kollektivtilbodet er ganske ok, og som Eivor Oftestad skriv, «sola skin». Og det er vel om lag der likskapen med Kardemommeby slutter å vera treffande. Oftestad skriv vidare at «Bastian er trygg» og at loven «fungerer riktig så bra». Det stemmer jo ikkje. Bastian er ein naiv, vandrande katastrofe. Heldigvis har vi politi som gjer jobben sin i Oslo, og ikkje nøyer seg med «å skrive det ned i boken og tenke på saken».

Kardemommeby er langt frå det livssynsopne Oslo. I Kardemommeby finst ikkje Gud. I alle fall er det ingen kyrkjer, moskear, tempel eller synagogar. Det er derimot ein slapp laissez faire-ideologi – som de fleste religionar vil ta avstand frå – om at «man skal ikkje plage andre, man skal være grei og snill, og forøvrig kan man gjøre som man vil». I ein livssynsopen by som Oslo skal ein følga fellesreglane, kunne vera religiøs, eller ikkje-religiøs, ein skal kunne kritisere religion og ein skal kunne utøve han. I tillegg skal innbyggarane få oppfylt retten til å kunne leva ut si tru eller sitt livssyn «fra vugge til grav». Dette baserer seg på eit likeverdsprinsipp om at alle borgarane har dei same rettane uavhengig av religiøs forankring. Ein slik rett har neppe innbyggarane i Kardemommeby. Dei står fram som nærast religiøse analfabetar, den einaste som har et snev av autoritet, er tante Sofie.

Oslo har ein tusenårig kristen historie. Og som Oftestad skriv, endrar religionen seg gjennom historia. Fra vikingekongane si tru på Kvitekrist, til middelalderens munke- og nonnevesen, til reformasjonen og Hans Nielsen Hauge. Nå er vi i ei tid utan statskyrke, men likevel er Den norske kyrka ein majoritet blant ei rekke minoriteter. Også frå verda der ute – der dei kristne utgjer ca halvparten. Historia blir ikkje omskrive av at Norge er blitt mangfaldig. Og det truar ikkje fellesskapet at «ikke alle er som meg», som tante Sofie nokså bastant synger. På slutten av førre årtusen, tenkte mange at religionen kom til å døy ut, at mennesket var blitt så utvikla at religion ville bli overflødig. Det er det ikkje like mange som tenker lenger. Det var kanskje derfor Oslo kommune bad eit bredt samansett utval om å komme med tilråding til politikk på dette feltet.

Likevel er det verdt å merka seg at ulik tru, ulik kultur, ulikt språk gjer at dialogen oss imellom er viktig og nødvendig. Religion har i seg å tilby ei ramme for folks samkjensle og refleksjon. Trussamfunn kan vera gode landingsplasser for nykommarar og kan på sitt beste bidra til å bygge gode lokalsamfunn nedanifrå. Religion kan også brukast til å setta «oss» opp mot «dei», til å framandgjera og undertrykka. All bruk av religion er ikkje likeverdig, men det skal ikkje vera opp til verken tante Sofie eller Oslo kommune å definera kva som er god teologi. Å likebehandla trussamfunna er verna i Grunnloven. Oslo kommune legg til rette for mykje. Det er slik den norske modellen er bygd opp: sivilsamfunnet, kulturen, idretten og så vidare, får støtte og rammer. Den same tenkinga har vi når det gjeld religion. Gamle Deichman på Hammersborg kunne vera ein stad for religion og livssyn: Staden for dei store feiringane innan trus- eller livssynssamfunnet, eller dei vanskelige – og lette – samtalane mellom religionane. Ikkje eit Tobias-tårn der ein ropar ut i øst og vest, men et ueinigheitens hus der det vert snakka saman om korleis vi i fellesskap skal løysa dei utfordringane pluralismen byr på – om vi likar dei eller ei.

Eg vil elles gi Oftestad rett i at ein enkelt kan henfalle til abstraheringa. Det er eit godt poeng og blir ikkje mindre gyldig av at ein forklarer kvifor. Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar, er det noko som heiter, og intensjonane er nok i denne samanhengen, for utvalet, og for fleire av oss, at i staden for å ramse opp alle gudshusa: kyrke, tempel, synagoge, moské, gurduara, bedehus og så bortetter, er det enklare å bruka sameininga gudshus. Den same «økonomiske» ordbruken kan ligga til grunn for bruken av religiøs leiar i staden for til dømes prest, rabbinar, imam, mufti, sheiyk, pastor, forstandar, munk, pater og så bortetter.

I motsetnad til Oftestad eg trur ikkje siktemålet med det livssynsopne samfunnet er integrering. Det er kanskje ein effekt. Ein gunstig ein. Siktemålet er det livssynsopne samfunnet, som har ein verdi i seg sjølv. Eit samfunn der folk skal kunna leve ut sin religion. På skule, arbeidsplass, på sjukeheim osb – ikkje abstrakt, men heilt konkret. Det kan dei nok ikkje i Kardemommeby, men det er målet for Oslo.

Denne kronikken ble først publisert i Dag og tid. Den er ikke tilgjengelig på nett.

Foto Evely Pecori